•••••Vikaparken••••••
Forside
Hytter
Kart
Område info
Aktiviteter
Fiske
/Båter
Selskapslokale
Naturreservat
Bilder
Lenker
Aktuelt
Kontakt oss


Slideshow
(mediaplayer)






Værvarsel fra yr.no

Geitaknottane Naturreservat

Ved Statsråd i desember 1997 vart 383 dekar av garden, (gnr 159/2), gjort om til naturreservat.
Vi har mulighet for guidet tur i området.
Geitaknottane Naturreservat er Norges desidert rikaste kjente område for Raudlistearten Stor Salamander. (Triturus Cristautus.) Truleg er det ein av verdas rikaste område av arten.
Stor salamander – ein krokodille frå urtida.

Geitaknottane naturreservat er unikt i sitt slag. 
Det er skogsbilveg fram til reservatgrensa.
Reservatet ligg 100 – 300 m over havet.
Området har meir enn 200 tjørnar, pyttar og myrar.
Seinast for 40 – 50 år sidan vart det henta fram tømmerkubb ved oppdemming og løyping ut frå området.

Stor salamander er eit amfibium som lever både i vatn og på land, men ein kjenner ikkje overvintringsplassane.
Stor Salamander er svært sårbar med omsyn til førekomst av fisk og vannkvalitet.
Dette området har god vannkvalitet med lettforvitrande berggrunn og gode buffereigenskapar. Det er og mange små dammar som er naturleg fisketomme.
I 400 millionar år har amfibiane greidd seg på denne kloden, men no er mange av desse artene truga.
Amfibiar er generelt svært sårbare for endringar i miljøparametrar, men her er framleis eit levedyktig miljø for Stor Salamander.
Vi oppmodar våre gjester til å vise omsyn og ta vare på miljøet.

   
   
   
 
© Vikaparken 2010